Tradisjonell flatbrødbaking med kjevle, mjøl, salt og frø på rustikt trebord
Øvregård Landhandel & Café

I Imsland, Vindafjord. Kanskje Norges beste heimelaga flatbrød, surdeigsbrød og surdeigspizza. Omgitt av fjord, fjell og flott natur.

Om Garden

Garden Øvregård har vore i familien frå ca 1895

Det finnes fleire kulturminner og utgravingar som viser at det har vært folk her sidan steinalder. Det er funn frå jernalder som er gravd ut på Hushaug som ligg like ved Gamlelåven.

Garden vår ligg i Imsland som er ei lita bygd innerst i Vindafjord. Me er omgitt av fjord, fjell og flott natur, med mykje flotte turløyper.

Me har melkeproduksjon, høner, kaniner, katten Mons og fiskar i hagen samt mykje sitteplassar rundt om på tunet. Me har og «Dropp inn» bobilcamp med bade/fiskeplasser og robåt tilgjengeleg om du ønsker ein tur på Ølmedalsvatnet.

Ku på beite ved Øvregård
Bakstehuset

Landhandel & Cafe

Bakstehuset har blitt hjertet på tunet vårt. Her produserer me flatbrød på gamlemåten samt annan bakst. Med mjøl frå norske gardar, saltet Havsnø og melk frå egne kyr, får flatbrødet vårt den unike smaken.

Me har og spesialisert oss på surdeigsbrød og surdeigspizza baka i vår vedfyrte pizzaovn — pizzaen får ein unik smak frå den opne flammen og den høge varmen.

I butikken vår finn du fersk bakst, flatbrød og krotakaker frå gardsutsalget. Pizza serveres kun på søndagar.

Anita baker flatbr\u00f8d p\u00e5 gamlem\u00e5ten i bakstehuset
Flatbr\u00f8dbaking med tradisjonell kjevle p\u00e5 \u00d8vreg\u00e5rd
Brunost og heimelaga flatbr\u00f8d fr\u00e5 \u00d8vreg\u00e5rd
Ingrediensar til flatbr\u00f8d - mj\u00f8l, salt og fr\u00f8
Den vedfyrte pizzaovnen p\u00e5 \u00d8vreg\u00e5rd med open flamme
Fredag og søndag 13-18. Ope etter avtale.
Fylg oss på Instagram
Badstue

Finn roen i badstuen

Badstue med plass til 8-10 personar. Inkludert: utedusj, kaldkulp og badestamp.

Badstuen ligg i utkanten av tunet, ved gamle låven med utsikt til fjord og fjell.

Åpningstider

10–22 kvar dag

Pris

225 kr/time – per person

Praktisk informasjon

  • Mat kan bestillast fredag og søndag
  • Fasilitetar: Toalett og parkering

Adkomst

Frå Saudavegen, kjør gjennom tunet og parker på parkeringsplassen ved badstuen. Samt adkomst frå Ølmedslsvegen, kjør/gå opp gamal grusveg opp til badstuen.

Ved spørsmål

Tlf: 971 18 177

Book badstue
Badstuen på Øvregård ein vinternatt med varmt lys og snødekt landskap
Interiøret i Gamle Låven med langbord og vintagemøbler
Utleige

Gamle Låven

"Gamle låven" er til utleige for selskap og fest. Me held låven åpen under arrangement som skjer her på garden.

Enten det er biltreff eller utsalg av bollar og brød frå gardsbakeriet - her er det plass til mykje folk og god stemning.

Med lidenskap for tradisjon, gamle bilar og ting, finn ein mykje"løye" å feste blikket på her på ØVREGÅRD. Kontakt oss for å høyre meir om utleige.

Anita ved den gamle BP-stasjonen på Øvregård
Kontakt

Velkommen til gards!

Har du spørsmål om garden, landhandelen, badstuen eller utleige av Gamle Låven? Ta gjerne kontakt med oss.

Adresse

Saudavegen 4103, 5583 Vikedal

Vis i kart

Telefon

+47 97 11 81 77

Kontaktperson: Anita Øvregård

Fylg oss på Instagram

Sjå bilete frå kvardagen på garden, fersk bakst, og livet på Øvregård Landhandel & Cafe.

@landhandel_og_cafe